Den kraftige orkanen "Rick" på veg inn over Mexico!Ein ”ekstremt kraftig” orkan er på veg inn over byen Los Cabos i Baja California. Meteorologar meiner at denne orkanen er den kraftigaste orkanen i det nordaustlige Stillehavet på over ti år. Stormen har altså vokst frå kategori 1 til kategori 5 på bare 36 timar, og det skyldast det varme vatnet i det nordaustlige Stillehavet. Dei har målt at orkanen på det verste har blest i nesten 300 kilometer i timen. Dei ventar at orkanen skal inntreffast på tysdag i Los Cabos. I Los Cabos er det nå ein fiskeriturnering, der det er med mange amerikanske deltakarar.
Eg trur dette kjem til å bli ein alvorleg naturkatastrofe siden orkanen er såpass sterk og den har blitt veldig mykje sterkare på kort tid. Dei burde evakuere byen Los Cabos slik at i alle fall alle er klar over at det kjem ein katastrofe. Sida det er ein fiskeriturnering i Los Cabos akkurat nå er jo det veldig uheldig, siden denne katastrofen inntreffer akkurat i denne byen.
kjelder:
http://www.vg.no/nyheter/vaer/artikkel.php?artid=569201
bilde: http://www.aftenposten.no/nyheter/uriks/article3325168.ece